Historikk


Draumen

For mange år sidan sat ein gjetargut ved Jønnbu på Lifjell, høyrde bjelleklangen frå kuene og såg utover den vakre Bøbygda. “Her burde det liggje ei kyrkje” tenkte Olav og drøymde seg til ei kyrkje som vaks opp mellom kratt og småskog. Det gjekk år, stulslivet var slutt og kyrkjedraumen gløymt, og til Jønnbu vart det bilveg og stor utfart. På nytt byrja nokon å drøyme store draumar : ” Her burde det liggje ei kyrkje! Der folk er, må kyrkja liggje”.


Realisering
Tanken om å reise eit sportskapell og eit ungdomssenter på Lifjell, vart fyrste gong kasta fram på årsmøtet til Telemark krins av Norges Kristelige Ungdomsforbund på Rjukan 2-3 juni 1962. Ei viktig oppgåve var å få reist ein leirstad og dette kunne godt kombinerast med ei fjellkyrkje.


Samarbeid med Vestfold og Grenland
Vestfold og Grenland krets av NKUF ville vera med å samarbeide om ein heil-årlig leirstad utanom Knattholmen, og Lifjell var eit godt alternativ på gunn av stor utfart frå Vestfold/Grenland til Lifjell. Første komitemøte vart halde 3.  januar 1963 og i komiteen sat: Frå Vestfold/Grenland, Henry N.Nilssen , Arne Steen Paulsen og Odd Bjørnsen .Frå Telemark sat: Magnar Malme, Johannes Østtveit og Aasmund Heggenes.

(I 2000 overtok NKSS, Norges kristelige student og skuleungdomslag eigardel frå KFUK-M.)


På leiting etter tomt
Komiteen tok sikte på å skaffe ei tomt innunder Bøkstulnatten, men etter kontakt med grunneigarane viste det seg at var vanskeleg. Heilt fram til våren 1964 stod arbeidet i stampe på grunn av tomtespørsmålet.


Ei stor gåve
Så legg Bjarne Indgjerd fram fjellkyrkjeplanane for Anne og Olav Raukleiv, og gjetarguten frå tidlegare forstår at den draumen han ein gong hadde kan bli verkeleg. 13 mai 1964 vart eit vendepunkt i arbeidet med ei fjellkyrkje på Lifjell. Då mottok fjellkyrkjekomiteen ei stor gåve frå Anne og Olav Raukleiv, ei 14 mål stor tomt vest for Lifjellstua. Navnet vart Jønnbu Fjellkyrkje og Ungdomssenter og arkitekt Tollnes fekk oppdraget med å utarbeide nye planar.


Ei stor oppgåve
Denne store gåva forplikta til ny innsats, nå måtte det skaffast midlar og lån til eit kyrkjebygg som ville koste omlag kr. 400.000.- Kunstnaren Terje Grøstad vart kontakta og våren 1965 hadde han ferdig to fargetresnitt som skulle seljast til inntekt for den nye fjellkyrkja. Andre tiltak var loppemarknad i Seljord, gåvebrev, handelsstevnet i Skien og skriv til hytteeigarane på Lifjell.


Sportsandaktar

Frå våren 1964 og utover vart det halde sportsandaktar på kyrkjetomta, ofte med mykje folk til stades. Søndag 20. mars 1966 vart ein merkedag, då kunne biskop Kaare Støylen innvie klokkestøpulen som var reist på tomta. For første gong kunne kyrkjeklokker lyde over Lifjell, og til stades var det 700-800 menneske.


Byggearbeidet vert sett i gang
Sommaren 1967 kunne ein setje i gang grunnarbeidet. Byggmeister Niri Hegnastykket satte opp grunnmuren medan ein tropp frå Ingeniørvåpenet laga veg fram til tomta. Under leiing av Magnar Malme vart det utført ein del dugnad på tomta, nå starta det å lysne for alvor. Det endelege klarsignalet for bygging av kyrkja gav kretsstyrene 1. februar 1968 og arbeidet kunne ta til sommaren 1968.


Nedlegging av grunnstein

Søndag 8. september 1968, ein fin haustdag var det samla mange hundre menneske på fjellkyrkjetomta og biskopen i Agder kunne legge ned grunnsteinen. Biskop Kaare Støylen forretta og soknepresten i Bø heldt tale ved gudstenesta. Barnebarnet til Anne og Olav Raukleiv, vesle Anne Raukleiv blei døypt denne dagen, noko som gjorde dagen ekstra spesiell.


Bygging
Kyrkja kom under tak før vinteren slik at arbeidet kunne fortsetja utan stans. Mange bidrog til at kyrkja vart reist, dugnad, gratis/rimeleg handtverksarbeid, utsmykking, billege byggevarer, tømmer frå prestegarden i Bø osv., lista kan gjerast veldig lang. Viktig er det og å nevne arkitektkontoret og akitekt Roar Tollnes, som sørga for eit arkitektonisk vakkert bygg som vart praktisk og rimeleg å bygge. Byggmestrane Andres og Niri Hegnastykket, saman med byggeleiar Lars Haugen utførte eit glimrande arbeid under til tider vanskelege tilhøve, streng vinterkulde og heite sommardagar. Johannes Østtveit seier dette til slutt: “Det er ugjørlig å nevne alt etter fortjeneste i en slik kortfattet oversikt. Vi som står bak byggearbeidet vil bare bruke det enkle ordet takk! Den egentlige takk kommer ved at fjellfolket bruker kirken”.